Kultur | 15. juli 2013

Unge stjerner i Oseana

VIDEO: Frå fascinerande marmor i foajeen gjekk turen innom Nupen i Hvelvet og forbi den nye Grieg-samlinga – til fengande klassiske tonar på Oseana sin kammerscene.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 15. juli 2013 09:35

Bildeserie:

Frå utstillinga i foajeen. (Foto: KVB)
Frå utstillinga i foajeen. (Foto: KVB)
Frå utstillinga i foajeen. (Foto: KVB)
Frå utstillinga i foajeen. (Foto: KVB)
Frå utstillinga i foajeen. (Foto: KVB)
Frå utstillinga i foajeen. (Foto: KVB)
Frå Griegsamlinga. (Foto: KVB)
Frå Griegsamlinga. (Foto: KVB)
Frå Griegsamlinga. (Foto: KVB)
Frå Griegsamlinga. (Foto: KVB)
Michael Süssman frå MusicaNord ønskte velkomen. (Foto: KVB)
Michael Süssman frå MusicaNord ønskte velkomen. (Foto: KVB)
Så var det konsert. (Foto: KVB)
Så var det konsert. (Foto: KVB)
Frå Nupen si utstilling i Hvelvet. (Foto: KVB)
Frå Nupen si utstilling i Hvelvet. (Foto: KVB)
1 av 8

Søndag var det tid for den tredje av MusicaNord sine åtte kammerkonsertar i Oseana, for eit noko større publikum enn førre gong.

Gjestane gjekk langsamt forbi dei mange marmorskulpturane i foajeen, skulpturar av noko mindre skala enn hovudverka kunstnarane skapte i Vognhallen tidlegare i sommar.

Fleire var også innom gjesteutstillar Nupen si utstilling i Hvelvet og tok seg tid til å sjå nærmare på den nye samlinga Grieg har montert i museet.

Men dagens høgdepunkt var konserten – der MusicaNord i går serverte oss tre unge stjerner, Ensemble conTrema med musikarar frå Bergen, Vänersborg og London, den norske pianisten Oda Hjertine Voltersvik, svenske Anna Melander på fløyte og Jun Sasaki på cello.

• Voltersvik tok bachelorgrad ved Griegakademiet og Royal College of Music i London før ho starta på mastergraden i utøvande musikk ved Andrew Ball og Niel Immelmann ved RCM.

• Melanders, som har vore finalist i fleire konkurransar og vunne Solisttävling Vänersborg, studerer master of arts hos Michael Cox ved Royal Academy of Music i London.

• Sasaki har også studert ved RCM, der han fekk toppkarakter på eksamen, og har spelt i blant anna Queen Elizabeth Hall og Royal Albert Hall. Han er også tildelt den prestisjefylte prisen Royal Overseas League Competition String Prize i 2010.

Neste søndag er det songaren Øystein Skre og pianisten Kristin Lunde som står på Oseana kammerscene.

VIDEO: Her kan du sjå delar av konserten i Oseana søndag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.