Unge rockarar
Det blei mykje lyd då borna i Espira Kuventræ barnehage fekk koma og prøva utstyret til Os Rockeklubb.
Denne månaden har borna på avdeling Smørblomsten hatt musikk som tema i barnehagen.
Tysdag fekk dei koma på besøk i Os Rockeklubb sitt lokale på Kuventræ.
- Berre kom!
Det er ikkje første gong Os Rockeklubb har besøk av små, potensielle rockestjerner.
- Vi har hatt besøk av barnehagar tidlegare, og det er berre kjekt at dei vil koma og sjå kva vi driv på med, seier Kjetil Osablod Grønvigh, leiar i Os Rockeklubb.
- Då Espira Kuventræ kontakta meg så sa eg det var berre til å koma.
- Vi har ikkje noko opplegg, men borna får lov å prøva dei forskjellige instrumenta vi har og kanskje det tenner ein gnist i nokre av dei.
Grønvigh hadde gjort klart med både instrument og lys, og på scenen hadde han plassert ein kjenning, pappfiguren Eirik Søfteland.
Frå Bach til "The Fox"
Det er store variasjonar i musikksjangarar 3- 4 åringane på Smørblomsten har vore innom denne månaden.
- Vi ønskjer at borna skal få bli kjent med ulike typar musikk og kjenne gleda av det, fortel pedagogisk medarbeidar Therese Styve.
Avdelinga har mellom anna brukt musikkort der det stod litt om artistane, snakka om dei og så fekk dei høyra på songane deira. Dei har høyrt på og dansa etter pop, rock, reggae og "The fox".
- Vi har vore innom fleire artistar, som Johan Sebastian Bach, Michael Jackson, Odd Nordstoga, Metallica og Eirik Søfteland.
Før sommaren var Eirik Søfteland på besøk i barnehagen og fleire av borna hugsar det møtet godt.
- Når vi snakkar om Eirik så er det fleire som seier at "han kjenner eg", seier Therese og smiler.
- Både born og foreldre har vore veldig engasjerte, heime har dei vore inne på Youtube for å høyre på songane.
Ikkje så skummelt
Då borna kjem fram til Rockeklubben er dei spente, nokre av dei syntes det er litt skummelt.
- Vi har snakka om Os Rockeklubb, men det er vanskelig for dei små å veta kva ein rockeklubb er er utan å koma og sjå så det var utruleg kjekt at vi fekk koma på besøk.
Etter ein litt forsiktig start så tør borna opp og testar ut både trommer, el-gitar, bongotrommer og mikrofon.
- Det er jo ikkje skummelt likevel, berre gøy, fortel ein tidlegare skeptisk gut, no kanskje rockeklubbmedlem om nokre år.