Ungdommane vann!
VIDEO: Ungdommane Markus Braadlie og Renate Hjelle Grimstad blei sterkest då dei beste golfarane i Hordaland møttest på Bjørnefjorden i helga.
I strålande sommarvêr blei det to fine dagar med golf på Bjørnefjorden i helga. Laurdag blei ein jamn batalje. Både i kvinne- og herreklassa var det delt leiing etter dag éin med Markus Braadlie frå Bergen og Alexander Heggland frå arrangørklubben i leiinga med 66 slag kvar, noko som er tangering av banerekorden. På kvinnesida var det Rente Hjelle Grimstad frå Bergen og Solveig Helgensen frå Bjørnefjorden som delte leiinga med 71 slag på dei første 18 hola.
– Det er kjekt å sjå ungdommen spele så god golf. Det er dei som er framtida, skrytte turneringsleiar Atle Olsen.
Frå regn til sol
Då sundagens runde tok til på morgonen letta vêret og golfarane fekk ei fin runde. Berre ein halvtime etter at leiarballen gjekk av det 18 holet opna nemleg slusene seg igjen.
Sundagen blei ikkje like jamn som laurdagen hadde vore.
Renate Hjelle Grimstad festa grepet tidleg på runden med birdie (eitt slag under par) på tre av dei fire første hola. Solveig Helgesen fekk ikkje heimebanefordel og måtte sjå seg nøgd med berre ein birdie.
Heller ikkje på herresida klarte Bjørnefjordenspelarane å utnytte heimefordelen. Alexander Heggland og Sverre Marcelius måtte sjå at det unge talentet frå Bergen meistra den trange bana betre enn dei og gjekk runden på par, medan dei to Bjørnefjordenspelarane måtte bruke to og fire slag meir.
Takka dei frivillige
Dei to vinnarane frå Bergen var raskt frampå med å takke banemannskapa og dei frivillige frå arrangørklubben.
– Det har vore ypperlege speletilhøve og eit strålande arrangement, takka Renate Hjelle Grimstad.
– Eg er stolt over det klubben har gjort denne helga. Vi har etter mi meining levert ei god bane, med ei god ramme.
– I tillegg må jo nokon i klubben ha kontakt med høgre makter, smilte Atle Olsen med tanke på vêret.
Også turneringsleiaren takka dei frivillige for ein strålande innsats.
– Som i alle andre idrettslag hadde det ikkje gått utan dei frivillige sin innsats.
Video, 2:15: Sjå dei to leiarballane på siste holet, og ikkje minst Alexander Heggland sin fantastiske put på 12 meter (foto: Andris Hamre/Midtsiden.no)