Lokal | 16. aug. 2020

Ungdomar viste porno til 9-åringar

Mor reagerer etter hending på leikeplass.

Ungdomar viste porno til 9-åringar
Fire ungdomar skal fredag kveld ha vist porno til ein gjeng 9-åringar. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 16. aug. 2020 21:39

Laurdag fortalde ei mor om ein episode på ein leikeplass i Sollia- og Kuhnle-området fredag kveld.

– Sonen min og to jamgamle kameratar gjekk på leikeplassen saman. Då dei kom heim, fortalde dei om fire ungdomar som var på leikeplassen.

Ungdomane skal ha vist video av ei kvinne som masturberte til dei tre 9-åringane.

– Det skal ha vore heilt utan samanheng. Dei unge gutane synest episoden var ubehageleg. Då dei ville gå, skal ungdomane ha prøvd å få dei til å bli verande.

Mora gjekk rett til leikeplassen då ho høyrde kva som hadde skjedd, men då var dei fire eldre gutane vekke.

Éin av ungdomane skal ha blitt gjenkjent av 9-åringane, då dei gjekk på same skule for nokre år sidan. Dei reknar med at dei eldre gutane er i ungdomsskulealder.

– Dette var i 19-tida fredag. Eg vil oppfordra foreldre som hadde ungdomane sine ute i dette området på den tida, om dei veit kvar ungdomane var fredag kveld, om å ta ein prat med dei. Samtidig vil eg åtvara andre foreldre mot kva som kan møta yngre born tidleg på kvelden, sjølv om eg håper dette ikkje er noko som skjer igjen.

Politiet hadde søndag formiddag ikkje høyrd om episoden.

– Det høyres ut som ei sak som burde vore følgd opp, seier vakthavande ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.