Ungdom med MOT
Tysdag og onsdag samlar 26 niandeklassingar seg for å skulerast i MOT.
I fleire år har Os kommune vore MOT-kommune og eit årleg arrangement er Ungdom med MOT-skulering.
– Vi har samla flotte ungdomar frå dei tre ungdomskulane i Os for førebu dei på å reisa ut til 7. klassane i Os og undervisa i MOT sin filosofi, fortel MOT-koordinator i kommunen Ellen Merete Lyssand.
For å bli Ungdom med MOT måtte elevane senda inn søknad, og 26 heldige blei valt ut til å vera med.
– Då har vi nok til å nå ut til alle skulane i krinsane.
– Er rollemodellar
Elevane blir plassert saman to og to og skal saman reisa på tre besøk til ein sjuande klasse i Os.
– I dag let vi ungdomane bli kjent med kvarandre, lærer dei om kva MOT er og førebur dei på kva dei skal gjera ute i skulane, seier Lyssand.
Etter ein dag med undervising blei tirsdagen avslutta med bowling og pizza.
– Elevane vil ha ei ekstra oppgåve når 7. klassingane byrjar på ungdomskulen, med å vera gode rollemodellar for dei, samtidig som det er godt for dei yngste å ha nokon dei kjenner blant dei eldste.
MOT sin filosofi er delt inn i verdiar og prinsipp:
MOT sine verdiar:
- Mot til å leva
- Mot til å bry seg
- Mot til å seia nei
MOTs prinsipper:
- Jobbe i forkant
- Sjå heile mennesket
- Forsterka det positive
- Bruke ansvarlege kulturbyggjarar til å inkludera andre
Gler oss til å reisa ut
Niandeklassingane Oda Andersen Lekven frå Os ungdomskule og Erik Hofflandsdal frå Søfteland skule hugsar godt då dei fekk besøk av MOT-ungdomane i 7. klasse.
- Det var veldig stas å få besøk av tidlegare elevar på skulen, seier Erik.
- Eg søkte meg inn i MOT fordi eg ville læra meg det same som dei og så læra det vidare, fortel Oda.
Begge to synest det er spennande å få bli med å læra om MOT og deira arbeid.
- No gler vi oss til å reisa ut på skulane.