Lokal | 20. jan. 2013

Ung mann slo seg vrang

Enda i arresten: Ein mann i 20-åra er sikta for trugslar og forsøk på vald mot politiet.

Ung mann slo seg vrang
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 20. jan. 2013 09:42

I 21.30-tida laurdag kveld fekk politiet melding om ein mann som såg ut til å vera for full til å ta hand om seg sjølv.

– Patruljen fann vedkomande i Mobergsbakken nær Os sentrum.

– Han skal ha vore veldig vanskeleg å ha med å gjera, seier operasjonsleiar Erik Hole.

Politiet tok mannen med via legevakt til overnatting i arresten i Bergen.

– Men det enda ikkje der. Mannen, som er i starten av 20-åra, var så aggressiv at han blir meldt for både trugslar og forsøk på vald mot offentleg tenestemann.

Litt bråk i Prestegardsskogen

Laurdag rett over midnatt fekk politiet klage på støy frå fest i eit hus i Prestegardsskogen.

– Patruljen var ute og gav dei pålegg om å dempa seg, noko dei retta seg etter, fortel Hole.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.