Politi | 23. jan. 2024

Ung bilførar hadde ikkje retta tekniske feil - blir meldt

15 dagar etter at han sist blei stoppa, blei guten vinka til sida igjen.

Ung bilførar hadde ikkje retta tekniske feil - blir meldt
(Arkivfoto/ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 23. jan. 2024 08:52

Måndag i 18.30-tida stoppa politiet eit køyretøy dei har sjekka ut tidlegare i år.

Søndag 7. januar fekk bilførar pålegg om å retta ei rekkje manglar, blant anna manglande baklys og manglande skiltlys. I tillegg var dekka for breie.

Dette var ikkje retta i går, 15 dagar seinare.

– Bilførar, ein gut i tenåra, er meldt for ikkje å retta seg etter pålegget om å utbetra feil med bilen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.