Ulvenmarsjen 2020: 30 påmeldte på 4 timar
Det kan bli kamp om dei 2 x 200 plassane i årets marsj.
Då dei første, strenge smitteverntiltaka mot koronaviruset blei sette inn i mars, blei det tidleg klart at 14 km lange Ulvenmarsjen, som i slutten på april skulle blitt arrangert for 42. år på rad, måtte utsetjast.
Ny dato er klar, årets mars blir arrangert laurdag og søndag 12. og 13. september.
Klokka 7 i dag opna påmeldinga, og på knappe 4 timar tikka dei første 30 påmeldingane inn.
– Vi har fleire restriksjonar, grunna korona, noko som blant anna har resulert i at all påmelding og betaling er digital, og i forkant, fortel styremedlem i Søfteland Turn & Idrettslag, Morten Jensen.
Den einaste plassen du kan melda deg på er på deltager.no.
Maksimalt 200 per dag
Årsaka til digital påmelding, er at arrangør har fått beskjed om å unngå flaskehalsar.
– Målgang plar vera veldig spreidd, mens starten, med påmelding og henting av startnummer, har i periodar skapt kø. No unngår vi dette.
I 2018 var det 180 deltakarar som starta i løpet av den første halvtimen.
Ein annan restriksjon er mengda deltakarar per dag.
– Talet er av friidrettskretsen sett til maskimalt 200. Det betyr dessverre at vi risikerer at nokre av dei som ønskjer å gå, ikkje får plass.
I 2017 var det knappe 400 deltakarar i alt, i fjor var det 442.
– Folk kan melda seg på fram til fredag kveld 11. september. Så sant det er ledig plass.
– Vi vil senda epost til dei som har gått flest gongar, og flest år på rad, for å gjera dei merksame på at påmeldinga ligg ute. Sånn at dei ikkje får brot i dei lange rekkene sine.
Utan saftstasjon
Ulvenmarsjen tel som «mosjonsløp utanfor bane», og er utan tidtaking, med unntak av dei åra den med tilleggssløyfe om Kysten (for å få 15 km) parallelt har fungert som kappgangdistanse.
Som deltakar må du på førehand velja kva dag du vil gå, laurdag eller søndag.
Du kan òg velja kor tid du startar å gå, ein gong etter klokka 14 laurdag og klokka 10 søndag.
Turmarsjen blir utan at du registrerer deg for avmarsj, eller hentar startkort, du kan berre byrja å gå utan å sjekka inn hos Søfteland TIL.
– Vi kjem til å ha løypevakt som køyrer runden fleire gongar med bil, og ser at alle har det bra, og gjerne ein stasjon med vaktar på Nore Neset.
– Men det blir ingen saftstasjon eller kunnskapskonkurranse, då dette kan føra til at det hopar seg opp med folk i løypa.
Laurdag må du vera i mål seinast klokka 19, søndag seinast klokka 15. Ved målgang går du i sekretæriatet og registrerer deg for premie.
Mål er i Jordmorsvingen, ved Byvegen. Tidlegare år har Søfteland TIL hatt base anten på Os barneskule eller Os ungdomsskule.
– Vi ønskjer å stå på Os ungdomsskule i år, men har ikkje fått endeleg svar. Rektor ville venta til skulestart med å svara, for å sjå kva smittevernreglane sa til utlån av skuleplassen.