Ulvenmarknaden veks vidare
113 utstillarar spreidde seg utover Os vgs sitt område - innimellom over 130 fine vogner på «finbil-parkeringa».
Laurdag var det tid for Ulvenmarknaden igjen, og Os Skysslag toppa rekordåret 2016.
– Inngang er gratis og vi tel ikkje publikum, men vi har aldri hatt så mange utstillarar før, seier Gustav Bahus.
– Eg sel ikkje så mykje, men det er alltid kjekt å vera her, seier Oskar Mikkelsen frå Øygarden.
Han hadde med seg eldre, maritime gjenstandar. Elles spenner utvalet frå alt til leikar, rattkjelkar og grammofonar til antikk, gamle våpen og motordelar.
Over 130 fine bilar
Fleire av utstillarane fekk ikkje plass oppe på utstillarområdet, og måtte stå på dei ulike parkeringsplassane der «finbilane» sto. Også desse var det mange av.
– Eg talte 130 bilar, men fleire av dei køyrde og nye kom til, så det har vore langt fleire enn dette.
Os vgs har fått asfaltert eit større område sidan sist, så det var plass til fleire. Likevel blei det trangt om plassen.
Trass Vårslepp i Os sentrum og moteshow på AMFI Os var det i finvêret svært godt besøk på marknaden.
– Den første traktoren i Fusa
På finbilparkeringa sto det òg nokre gamle traktorar av typen Ferguson TE20, også kalla «gråtass», i tillegg til ein «raudtass».
– Denne er Øyvind Tøsdal sin. Den er frå 1948 og var den første gråtassen på Fusa, seier Harald Døsen, som har restaurert både sin eigen gråtass og Øyvind sin.
– Desse traktorane, med hydraulisk lift på grabben bak, revolusjonerte jordbruket då den kom.