Samferdsle | 12. sep. 2023

Uhell og kø på E39

Trafikken mellom Svegatjørn og Moberg er ramma.

Uhell og kø på E39
Trafikken frå Svegatjørn mot Moberg går seinare enn normalt etter uhellet. (Lesarbilde, foto: Lars Ulvar Hjellestad)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 12. sep. 2023 13:27

Tysdag frå 15.20-tida har vi fått fleire tips om trafikkuhell på E39 Halhjemsvegen retning frå Svegatjørn mot Moberg.

– To bilar har kollidert i flettefeltet der trafikk frå Ulvenvegen kjem ned på E39. Det ser ikkje alvorleg ut, fortel ein av tipsarane.

(Foto: tips@midtsiden.no)
(Foto: tips@midtsiden.no)

Verken politiet eller Vegtrafikksentralen har informasjon om uhellet på X (tidlegare Twitter).

Ifølgje Google Maps si trafikkovervaking er det noko kø i begge retning.

Det skal etter det Midtsiden kjenner til vera dirigering på staden.

– Både politi og ambulanse er på staden, men det ser ut til å vera nokon frå brann og redning som dirigerer.

(Foto: tips@midtsiden.no)
(Foto: tips@midtsiden.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.