Lokal | 11. mars 2013
Uheldig u-sving
Ingen blei skadd då ei eldre dame prøvde seg på ein u-sving ved Kuven stasjon i dag.
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 11. mars 2013 13:55
Måndag i 13-tida var det ein kollisjon mellom to bilar på Byvegen ved Kuven stasjon.
Begge bilane hadde retning Bergen då uhellet skjedde.
– Ingen av oss er skadd, seier dei to bilførarane etter samanstøyten.
Ei kvinne i 80-åra kjørte den framste bilen, som svingte inn mot Rema 1000, men som så svingte til venstre for å kjøra ned igjen mot Os sentrum.
Bilen bak klarte ikkje å stoppa.