Sport | 19. nov. 2011

- Ubetaleleg augeblikk

Handballherrene til Os tok ein slitesiger mot Stryn. - Det er desse augeblikka som er grunnen til at vi driv idrett, meiner ostrenaren.

- Ubetaleleg augeblikk
Andris Hamrelaurdag 19. nov. 2011 19:32

Osherrane visste dei kom til å få ein tøff kamp då dei gjesta Stryn laurdag ettermiddag.

- Vi hadde bestemt oss for å gje alt.

- Eg har aldri sett gutta så fokuserte som før denne kampen, seier ostrenar Leif Idar Røen.

Fem til pause

Osherrane kom godt i gang og leia 15-10 til pause anført av ein god Joakim Blostrupmoen som klinka inn det eine målet etter det andre.

- Vi slepp berre 10 inn bakover. Då spelar guttane eit fantastisk forsvar.

Blei nervepirrane

Andre omgangen blei ein thriller av dei helt store.

- Eg har aldri i mi lange handballkarriere vore med å spele mot ni mann for motstandarlaget.

- Likevel gjer guttane ein fantastisk innsats og viser ein ro det står enorm respekt av. Dei lar seg ikkje vippe av pinnen av dei mange merkelege situasjonane i kampen, fortel Røen.

Stryn kjem aldri nærare enn to mål og til slutt kan Os kontrollere inn ein verdifull siger. Dermed heng dei framleis med i kampen om opprykk.

- No har vi to vanskelege heimekamper før jul. Først BSI som vi spelte uavgjort mot tidlegare i haust og serieleiar Bergen den 18. desember. Då håper vi på stort oppmøte og god hjelp frå tribuna, avsluttar Røen.

Stryn-Os 27-30 (10-15)
Utv: Stryn 1x2 min, Os 5x2 min
Os sitt lag: Einar Godø, Trygve Dahl 4, Daniel Røen 1, Ove Lyssand 4, Joachim Nøkleby 5, Anders Kloven 5, Øystein Skarding 5, Joakim Blostrupmoen 7, Andris Hamre. På benken: Leif Idar Røen og Isak Røen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.