Lokal | 20. nov. 2012
Ubåt på Hatvik
Ein større fritidsbåt heng etter stroppane i marinaen på Hatvik.
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 20. nov. 2012 09:11
Tysdag morgon fekk Midtsiden melding om sokken båt på Hatvik.
– Vi kjenner ikkje til denne, men tar turen ut for å sjå om den utgjer noko fare for forureining, seier Terje Håvardstun i Os brannvesen.
Båten ser ut til å vera på rundt 30 fot og ligg heilt under vatn, hengande i stroppane etter flytebryggeanlegget på Hatvik.