Uavgjort mot Kjøkkelvik
Handballdamene til Os spelte uavgjort 25-25 mot Kjøkkelvik laurdag ettermiddag. – Det var eit rettferdig resultat, seier Erlend Lyssand.
Os Turn sine damer i 2. divisjon ligg øvst på tabellen, også etter at dei spelte uavgjort 25-25 (12-13) mot Kjøkkelvik laurdag ettermiddag.
– Det var ein kamp som vippa fram og tilbake.
– I det eine augeblikket leia vi med to, i det neste gjorde Kjøkkelvik det same.
– Oppsummert så var vel uavgjort eit rettferdig og fortent resultat, seier ostrenar Erlend Lyssand.
Berre 9 spelarar
Med Irene Tangerås og Marte Øvreeide borte, stilte Lyssand med berre 9 spelarar mot Kjøkkelvik.
– Eg var litt spent på korleis den midtre fireren vår i forsvar ville fungere med Marte og Irene vekke, men det gjekk veldig bra.
– Madeleine Hjertnes gjer ein kjempejobb i forsvar.
– Alle jentene kjemper som løver, men vi blir nok litt slitne på slutten.
– Eg skulle gjerne hatt nokre fleire å byte med, då trur eg vi hadde rodd sigeren i land, analyserar ostrenaren.
To under med to minutt att
Berre to minutt før full tid ligg Kjøkkelvik to mål foran.
– Jentene gjer ein kjempejobb, anført av Line Hjelle Berentsen framover på banen.
– Vi henter inn att dei to måla og har faktisk ballkontroll med 13 sekund igjen, men då koker det nok så mykje at ingen får med seg kor mykje tid som står att.
– Vi får til ei avslutning på mål, men det blir ikkje noko ut av den, avsluttar Lyssand.
Os møter Kjøkkelvik igjen allereie om ei veke då jentene frå Olsvik kjem i Oshallen. Før det har damene Årstad borte på måndag.