Kultur | 24. feb. 2016

Tysnesfest har booka Anastacia

Ho var den bestseljande kvinnelege nykomaren i verda tidleg på 2000-talet. I juli kjem Anastacia frå Chicago til Våge.

Tysnesfest har booka Anastacia
Anastacia kjem til Tysnesfest 2016. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. feb. 2016 09:05

– Vi er svært glade for å presentera ei vaskekte amerikansk pop-dronning! seier Øystein Vaage, driftsleiar i Tysnesfest.

Anastacia har selt over 30 millionar album, debutalbumet «Not That Kind» (2000) åleine selte 7 millionar eksemplar. Oppfølgjaren «Freak of Nature» (2001) gjorde òg stor suksess.

– Laurdag 9. juli under Tysnesfest blir kanskje den einaste sjansen til å få med seg fyrverkeriet Anastacia på scenen i Noreg i 2016, seier Vaage.

I 2002 gav ho ut VM-låta «Boom», som ho framførte i Japan før finalen mellom Brasil og Tyskland.

Anastacia, som fekk brystkreft i januar 2003, er kjent for låtar som «I'm Outta Love» og «Paid My Dues». Etter at ho blei frisk gav ho ut albumet «Anastacia», som blant anna inneheld låtar som «Left Outside Alone» og «Sick and Tired».

Frå før er desse artistane booka til Tysnesfest 2016: Sondre Justad, Lars Winnerbäck, Alphaville, Gabrielle, Halvdan Sivertsen, Bernhoft & the Fashion Bruises, Dumdum Boys, Karpe Diem, Broiler, Sigrid Moldestad, The Main Level og DJ Friendly.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.