Tusen takk, Toril!
Toril Myklebust Lie har i seks og eit halvt år strikka labbar til alle nyfødde osingar. Det fortjente ein stor takk.
Det siste døgnet har Toril Myklebust-Lie fått mykje merksemd i nasjonale medier for labbane ho strikkar til nyfødde som kjem på helsestasjonen.
• Les òg: Strikkar til alle (Midtsiden, 2010)
Bergens Tidene omtale saka etter at ei av mødrene som fekk labbane til Toril til sin nyfødde son la ut ein stor takk på Facebook i håp om at meldinga skulle nå Toril.
Midtsiden hadde lyst til å gjera stas på den strikkeglade eldsjelen og allierte seg med administrasjonen ved Søfteland skule, slik at vi fekk bryta inn i undervisninga ho hadde for elevane sine i 5b.
– På vegne av alle nyfødde osingar i løpet av dei siste seks og eit halvt år. Tusen takk, Toril!
Sjå Toril og elevane sin reaksjon då vi kom brasande inn og hør Toril fortelja elevane om kva ho held på med i videoen over. Der røpar ho at det skjer at ho strikkar også når elevane er i auditoriet og ser film.