Turgåar hindra innbrot
Politiet har laurdag fått melding om funn av stolen båt, innbrot i Lysefjorden og innbrotsforsøk på Kuventræ skule.
Laurdag i 20.30-tida fekk politiet melding om innbrotsforsøk på Kuventræ skule.
– Ein turgåar fortalte at nokre ungdomar, som sto og fikla med ei dør, sprang frå staden, fortel politibetjent Kjartan Snorrason.
Då patruljen kom fram såg dei tydelege spor etter innbrot på døra.
– Vi har dessverre ikkje fått tak i vitnet etterpå. Men vi er glad han kom forbi, han har tydelegvis hindra innbrot.
Stal TV frå ungdomshus
Tidlegare på kvelden laurdag fekk politiet melding om innbrot i ungdomshuset i Lysefjorden.
Ei rute er knust og ein flatskjerm er sakna etter innbrotet.
Fann stolen båt
Tysdag fekk politiet melding om tjuveri av båt i Øyane.
I går blei båten funnen i ei fjøre i Skeisstøa.
– Påhengsmotoren var tatt av, men blei funnen i nærleiken, fortel politiet.