Turbostart på året
Barnas Turlag Os startar det nye året med ein heilt ny klubb, Turboklubben, ein klubb for 5-10-åringar.
Gjennom heile året har Barnas Turlag Os invitert unge friluftsmenneske i Os med på ulike arrangement, blåbærplukking, juletrehogst på Gimmeland og lommelykttur i Ervikane er noko av det dei har opplevd dette året.
Neste år startar turlaget opp med ei heilt ny gruppe, Turboklubben, eit tilbod for ungar mellom 5 og 10 år.
Det heile starta med ein tilbakeflytta osing, André Marton Pedersen, som synest det mangla eit fritidstilbod for friluftsliv i Lysefjorden.
– Eg spurde naboane og dei var med, det same var fleire andre, og brått var vi sju vaksne som var klare til å setja i gang, fortel Pedersen, som er veldig glad for den gode responsen.
– Målet er å ha det gøy
Han har sjølv hatt eit vikariat i Bergen og Hordaland Turlag i eit år, og frå januar av startar han i fast stilling som informasjonsleiar for BHT.
Frå 5. januar blir han også turleiar for Turboklubben annakvar tirsdag.
– Målet med klubben er først å fremst å ha det gøy utandørs. Vi vil visa borna naturen, leika, læra og utforska.
Ungane vil blant anna læra å laga bål, korleis dei bruker kart og kompass, knutar, fiske og krabbefangst.
– Vi håper også å få til eit besøk av Naturvernforbundet som kan læra oss om dei ulike artane i skogen og Fana Røde Kors vil halda eit enkelt førstehjelpskurs for ungane.
Har kjøpt inn lavvo og tralle
Det er allereie 23 born som har meldt seg inn i Turboklubben, men Pedersen fortel at her er det plass til fleire.
– Dei yngste må ha med seg følge, blir det fleire eldre born så får vi tak i fleire vaksne.
– Det trengs ingen forkunnskaper, det einaste kriteriet for å bli med i klubben er at borna må meldast inn i Barnas Turlag Os. Då kan dei gå inn på heimesida deira, der ligg det påmeldingsinformasjon.
Klubben har fått støtte frå Barnas Turlag til å kjøpa inn lavvo og for pengar dei har fått frå Os Turlag har dei kjøpt inn ei tralle til å frakte utstyr.
– Alle borna som blir med vil òg få ei lita overrasking når dei kjem første gongen, seier Pedersen, som gler seg til oppstarten på nyåret.
André Marton Pedersens BARNEfjellvettsregler:
1. PLANLEGG sammen med barna. Da blir turen kjekkere.
2. Sett av tid til UNDRING. En ny verden utfolder seg.
3. Gå ut i DÅRLIG VÆR. Det blir det gode minner av.
4. LEK. Du er voksen og har lov til det.
5. Ikke snu med en gang. Barn KLARER MER enn du tror.
6. Ha alltid med ekstra BENSIN til barna. Motorstopp kan forekomme.
7. Lukt på mose. Bruk alle SANSENE når dere er ute.
8. FØRSTEHJELPSUTSTYR, varme klær og nok mat og drikke hører til.
9. Få HJELP underveis. Barn liker å bidra og være til nytte.
10. Mål SUKSESS i antall timer ute og ikke antall kilometer.
11. ENDRE KURS hvis nødvendig. Turen går ikke alltid som planlagt.
12. Tenk STORT. På turer unnfanges gjerne store drømmer.
13. SKRYT oppriktig av barna. Da går de lenger.
14. Ta PAUSER underveis. Og vips, så er pågangsmotet tilbake.
15. UTFORSK. Ned på knærne. Tett på.
16. Tenk SIKKERHET. Er du i tvil, så er du ikke i tvil. Sikkerhet kommer alltid først.