Tunell under Øyane blir stadig meir aktuelt
– Kva skjer i Søramarkjo? har Midtsiden fått spørsmål om. Stikkene og merkinga er Statens vegvesen sine.
E39 Aksdal-Bergen:
Dei siste vekene har det dukka opp fleire målestikker og merke i Elvedalen, mellom Gjelevika og Skitnevågen, og Midtsiden-redaksjonen har fått spørsmål frå fleire om kva dette er.
Parallelt med målingar i Bjørnafjorden har Statens vegvesen no byrja med målingar på land rundt Kobbavågen på Røtinga.
– Han som har med akkurat denne delen å gjera er vekkreist, men eg er ganske sikker på at dei merkene du viser til har med våre seismiske undersøkingar å gjera, seier prosjektleiar Signe Eikenes i Statens vegvesen.
Vegvesenet får utført geotekniske undersøkingar frå mogleg landingspunkt for bru frå Reksteren på Tysnes til Søre Øyane i Os kommune.
– Tunell ser ikkje mindre aktuelt ut
I desember blei alternativet å landa ei eventuell bru i Bjørnatrynet forkasta. Vegvesenet står igjen med to alternativ;
1. Veg i dagen over Øyane og skjergarden utanfor Halhjem og inn mot Moberg og Svegatjørn.
2. Tunell frå Øyane til Moberg.
– Vi har fått fullført konsekvensutgreiingar for fleire alternativ på begge sider av fjorden, innan både kulturminne, miljø- og friluftsinteresser. Desse er ikkje klare for offentleggjering, men eg kan seia såpass at tunell ikkje har blitt mindre aktuell å tilrå.
– Sånn det ser ut no er tunell både billigare og betre, seier Eikenes.
Vegvesenet jobbar med å få konkusjonen klar til sommaren, men trur ikkje denne blir lagt ut til høyring før over ferien.
– Det handlar om at folk skal vera tilgjengelege, ikkje på ferie, når saker er ute på høyring. Dette skal vi høyra med departementet om først, sidan det er ein statleg plan.
Skal kunna sykla over fjorden
Sånn det ser ut no vil brua dykka ned i ein tunell utanfor Kobbaholmane.
– Vi prøver å få overgangen til tunell så langt ut frå land som mogleg.
– Ved å bygga ei kunstig øy på Røtingaflua?
– Ja. Vi er avhengige av at ein tunell som dykker ned i sjøen ligg på fastland.
Det skal og vera mogleg å sykla over fjorden frå Øyane til Tysnes, og motsett veg. Syklistane skal ikkje ned i tunellen, men inn til land og vidare frå Øyane til Os.
– Her skal syklistar frå Sunnhordland kunna kryssa fjorden og for eksempel koma seg inn til butikken i Øyane eller vidare mot Os. Vi ser for oss at vi kan få nokre element på brua som gjer det attraktivt både å kryssa den og å ta seg ein stopp.
Held seg til fire felt
Med høgare pris og lågare aktivitet innan olje og gass har det i vinter blitt diskutert, og argumentert, om vegstandarden skal takast ned frå fire til to felt. Enkelte vil gjerne tru at dette ville gjort indre alternativ om Fusa meir aktuelt, då dette alternativet har fleire meter i tunell, og tunellane ville blitt langt billigare med to i staden for fire felt.
Vegvesenet må uansett gjera ferdig den reelle bestillinga, utgreiinga av alternativa både sør for fjorden, over fjorden og i dagen eller i tunell i Os.
– Når det gjeld kor mange felt vegen må ha så har vi standardar å gå etter.
– Vi ser på venta trafikk 20 år fram når vi planlegg veg. Med dei tala treng nye E39 frå Stord til Bergen fire felt, seier Signe Eikenes.
– Også ved eit eventuelt indre alternativ ville det blitt så stor trafikk at vi måtte bygd doble tunellaup.
Midtsiden samleside: E39 Hordfast, Aksdal-Bergen