Tulla seg på Tøsdal
Snowboard, salto, soling og mageplask: Arne varma opp til Os Snow Challange.
Gjengen bak Os Snow Challange tok imot den tidlege vinteren med opne armar. Medan du skifta dekk og moka slaps førre helg tok Arne Veim Haugland med kameratar turen til Tøsdal for å nyta det tynne laget med snø som låg igjen på bakkane.
- Vi følte at det var på tide å varma opp til neste års Os Snow Challange, seier Arne på vegne av seg sjølv, Andreas Ask og Thomas Bøthun.
Thomas, som med firmaet Goldfish Production driv med film, tok også nokre videosnuttar på Tøsdal. Sjå resultatet nedst i artikkelen.
Første i mars
Laurdag 20. mars i år deltok 18 lokale akrobatar i det som var den første versjonen av Os Snow Challange, ein bigjump-konkurranse i Elvebakken.
- Vi fekk det til sjølv om det regna tungt i forkant av arrangementet. Hoppet blei OK, vi fekk mange flinke deltakarar og eit kjempebra publikum.
Ny Snow Challange
Han trur at Os Snow Challange blir minst like bra neste år.
- Vi kjem til å gjera alt klart i januar og så blir det berre til å venta på snøen. Når den kjem så bruker vi to dagar på å bygge hopp og treng nok berre totalt ei veke å førebu deltakarar og publikum på ny konkurranse.
- Os Snow Challange 2011 blir i same bakke, framleis med premiar frå Daniel Franck, men truleg med endå fleire premiar. Vi har også ein veldig god freestylekjørar som står klar til å halda show, fortel Arne Veim Haugland.
Video: Sjå Arne, Andreas og Thomas leika seg på Tøsdal førre helg. (Foto: Thomas Bøthun, Goldfish Production)