Tulipanar til ny park
Tulipanaksjonen 2011: Lions vil også i år gje overskotet til ny skatepark i Os.
Lions′ årlege tulipanaksjon går av stabelen laurdag 30. april. I Os har dei bestemt seg for at årets overskotet skal gå inn som eit bidrag til å bygga nok ein skatepark i bygda.
- Vi har fått veta at fleire skuler, bl.a. Søre Neset skule, Os skule og Nore Neset skule ønskar seg tilsvarande park som den som no har komen på Kuventræ, seier Franzie Lerch i Os Lions i ei melding.
- Derfor har vi bestemt at årets aksjon skal gå inn som eit bidrag til det som blir neste skatepark i Os kommune.
Éi fjør blei til fem høns
I 2010 fekk Lions inn 10.000 kroner på aksjonen.
- I godt samarbeid med Os kommune vaks pengane til 310.000 slik at parken på Kuventræ kunne realiserast, seier Lerch som håper årets aksjon kan vidareføra det gode samarbeidet med kommunen.
Førebyggande arbeid
Den nasjonale aksjonen er øyremerkt førebyggande arbeid mot rusmisbruk blant barn og unge.
- Vi i Lions meiner det er betre å bygga barn, enn å reparera vaksne. Derfor vil vi bidra til sunne aktivitetar, fortel Lerch.
- Gjev du ein 100-lapp til aksjonen kvitterer vi med ein bukett tulipanar, forklarar Lerch om aksjonsforma.
Tulipanaksjonen blir gjennomført på Amfi Os, Rema 1000 og ved Vedholmen i Øyane.