Trygt heim til jul
Julebordsesongen startar for fullt til helga. No går Catten, Solsiden og Os Taxi saman for å få kundane trygt heim frå fest.
Når julebordsesongen startar står dei to utestadene og Os Taxi klare for å gje osingane på byen ein hyggeleg kveld, inkludert ei trygg heimreise.
– Sjølv om vi er konkurrentar, så kan vi samarbeide.
– Vi dekkjer i stor grad kvart vårt segment, så dette er heilt uproblematisk, seier Tore Andre Sagstad på Solsiden om samarbeidet med Catten.
– Ein ting har vi jo felles, nemleg ønskjet om å gje kundane ei god oppleving og å få dei trygt og skikkeleg heim igjen.
– Korkje eg eller Tore Andre ønskjer at gjestene skal bli ståande utanfor utestaden når vi stenger, supplerer Bjarte Andersen på Catten.
Tettare kontakt
Styreleiar i Os Taxi Tor Anders Hauge fortel at dei i helgene fram mot jul vil testa ut nye samarbeidsformer med uteplassane.
– Vi har oppfordra sjåførane til å vera meir bevisste på å stikka bortom utestadene når det ikkje er kø ved holdeplassen.
– Dessuten så stengjer Solsiden ein time tidlegare enn Catten, så om vi er på plass der og fraktar dei kundane heim med ein gong, så unngår vi at kundene frå båe stadene kjem i køen ved taxisentralen, forklarar Hauge.
– I tillegg vil vi teste ut samarbeidsformer som gjer at vi kan gje taxiane ein status på korleis behovet er, supplerar Sagstad.
Fleire i same bil
Ei felles oppfordring har dei tre selskapa.
– Køyr saman!
– Slik det har vore no så kan vi oppleve å køyre tre bilar med ein eller to passasjerar omtrent til same område.
– Om vi i staden får osingane som skal i same retningen enten det er til Hegglandsdalen, Drange eller ut til Bjørnen til å køyre felles slik at bilane blir trygge, så vil køane bli mindre og folk kjem seg kjappare heim, forklarar styremedlem i Os Taxi, Roger Gravelsæter.
– Dette vil vi hjelpe til med. Kjem det ein bil til meg eller Bjarte, så vil vi freiste å høyre om det er andre som skal i same retningen, skyt Sagstad inn.
– Du veit, det er mykje betre om folk kjem seg heim under ei varm dyne, i staden for å stå utanfor her og frysa, supplerar Andersen som òg oppfordrar kundane om å avtala felles heimtransport på eigenhand.
Tidlegare ut
Eit anna felles mål for dei tre er å få folk tidlegare ut.
– Vi veit ikkje heilt korleis vi skal få det til, så om det er nokon som har gode ideear eller innspel så kom gjerne med dei.
– Om vi får folk tidlegare ut, så vil også heimreisa spreie seg over eit lengre tidsrom, noko som igjen gjer at køane blir mindre, trur Hauge.
– Vi vil jo òg gjerne ha tilbakemeldingar på korleis folk tykkjer samarbeidet fungerar og kva vi eventuelt kan gjera det betre, men ta det med oss på måndagen og ikkje midt på natta, natt til sundag, oppfordrar Andersen.
Prioriterer dei som står ute
Os Taxi har allereie ei prioritering som dei følgjer vinterstid.
– Vi prioriterer dei som står ute og frys, anten det er på holdeplassen eller utanfor stengde utestader.
– Det betyr at dei som sit godt og varmt i ei stove og skal heim, vil kunne oppleva at det blir litt ventetid, men dei har det trass alt godt og varmt.
– For oss er det viktigaste at folk som er ute kjem seg raskt og sikkert heim, forklarar Tor Anders Hauge.
Frå helga av vil også Os Taxi ha eigne "gløggvakter" ved taxisentralen som organiserar køen og oppfordrar folk til samkøyring.
Tryggare i bilane
Hauge fortel òg om den siste nyvinninga i taxiane, som skal vera med på å gjera det tryggare både for passasjerer og sjåfør.
– I omlag alle bilane har vi no installert eit kamera som tek bilete av alle som set seg inn i bilane.
– Desse bileta blir sjølvsagt sletta i ettertid, men om noko hender, så har politiet moglegheiten til å gå inn i systemet for å sjå kven som har vore i bilen.
– Vi har ikkje den moglegheiten, men det gjev både sjåførane og passasjerane ei ektra tryggleik. Vi har allereie hatt ein sak kor dette systemet har vore med på å løyse ei episode, fortel Hauge som saman med dei andre håpar osingane får ei triveleg og trygg førjulstid.