Trygge i vatnet
Viktig opplæring for 45 ungar i 6-8 årsalderen. – Dei har fått læra seg korleis vera trygge i vatnet, pluss båtvett. badevett og livredning, fortel Morten Waage.
I samarbeid med Gjensidigestiftelsen hadde Os svømmeklubb sist veke aksjonen "Trygg i vann". Ein landsomfattande aksjon kor 7000 born har fått oppleva det å vera trygge i vatnet.
– Det var 45 ivrige ungar frå Nore Neset, Lysekloster og Os vi hadde med oss.
– Tilbakemeldingane både frå ungane og foreldra har vore gode.
– Ungane fortel at dei har lært nye ting både i vatnet og på land, fortel Morten Waage i arrangørstaben.
Allsidig program
45 minutter i vatnet fem dagar i veka pluss kjennskap til båtvett, badevett og livredning har ungane vore gjennom.
– Nokre har også fått forsøka å hjelpa andre på land med "ein forlenga arm" og mange har freista å ligga i vatnet med redningsvest.
– Eg må få gje skryt til instruktørane frå Os svømmeklubb og til dei tilsette i Osbadet.
– Dette blei ein suksess og eg håpar det kan gje rom for meir tid til svømmeopplæring, seier Waage.
Berre annankvar 10-åring kan svømma
I følgje nye tal frå Gjensidigestiftelsen kan fortsatt berre halvparten av tiåringar i landet svømma, sjølv om det er obligatorisk svømmeopplæring i skulen.
Det betyr at minst 150.000 born i første til femte klasse går sommaren i møte uten å meistra kunsten. I tillegg er det mange som ikkje tør å vera med på vannaktiviteter fordi dei er redde for å vere i vant.
– Det er så lite som skal til for at borna skal blir trygge i vatnet, avsluttar Waage.
Svømmeaksjonen blei starta i 2008 av Noregs Svømmeforbund og Gjensidigestiftelsen. Nesten 44.000 born har blitt tryggare i vatnet etter å ha vore med på opplegget rundt om hjå dei 106 svømmeklubbane som har delteke i aksjonen.