Trygg is utan skilt
Trygg is-skilta blei i går tatt ned, men det er ikkje fordi isen ikkje er tjukk nok.
Det er framleis fint vintervêr i Os, og isen på fleire vatn er over 30 cm tjukk.
– Men i går tok eg ned skilta, seier frivillig is-vakt i Os, John Lepsøy.
Årsaka er ikkje at han tviler på isen, men at han skal på ferie.
– Eg reiser i dag og vil ikkje ha skilta å tenkja på dei vekene eg er vekke.
Det er isen på Banktjørn og sør på Ulvenvatnet Lepsøy sjekkar og skiltar.
– Isen kjem nok til å vera tjukk og god til langt over påske, men folk får passa på sjølv, seier Lepsøy.
Ferdsel i utmark og på islagt vatn er uansett på eige ansvar.
Førebels ser det ikkje ut til å gå mot noko rask smelting.
Storm.no melder overskya og 4-5 plussgradar gjennom helga, men frå måndag er det meldt nattefrost igjen og det skal bli kaldare utover veka.