Trygg skulestart
I samband med skulestart har politiet i Os vore på fleire skular i Os for å kontrollera kjørevanene til foreldra.
Måndag hadde politiet kontroll ved barneskulane på Os, Kuventræ og Søfteland.
I Jordmorsvingen sto politibetjent Kjartan Snorrason og såg at foreldra ikkje kjørte heilt til skuledøra.
Enkelte stressa
– Det har gått fint. Fleire parkerer ved Os Næringspark og spaserer opp til velkomst i gymsalen, seier Snorrason.
Fokuset har også vore på fart og sikring av born i bil.
I dag har politiet vore på plass ved tre andre skular, Lunde barneskule, Nore Neset skule og Lysekloster barneskule.
Politioverbetjent Terje Sperrevik har eit samla inntrykk av at foreldra har kjørt varsamt til skulen med sine små.
– Men enkelte har vore litt seint ute, og når du er stressa er det også lett for å både kjøra nærmare skulen enn kva skulen ønskjer, og å vera litt lite varsam, seier Sperrevik.
- Folk må prøva å skaffa seg litt betre tid om morgonen, det er med på å gje borna ein tryggare kvardag.
Hest på rømmen
I tillegg til å vera ute ved skulestart melder politiet om fire biler som, av ulike årsaker, blei avskilta på forskjellige stadar i Os.
- Og så blei det meldt om ein hest som gjekk laus på Hatvikvegen mandag, fortel Sperrevik.
Politiet kontakta Stall Moldegård som skulle ta seg av saka.
I dag blei det igjen meldt inn om ein hest som gjekk laus på Hatvikvegen, truleg frå same staden.