Politi | 05. juli 2023

Trur tidlegare tilsett har stole gåvekort

Bedrift i Os har kontakta politiet.

Trur tidlegare tilsett har stole gåvekort
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. juli 2023 08:29

Tysdag ettermiddag, litt før klokka 15, blei politiet kontakta av leiinga i ei bedrift lokalisert nord for Os sentrum.

– Dei fortel at dei mistenker ein tidlegare tilsett for å ha stole gåvekort, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Vedkomande er mistenkt for å ha stole og forfalska gåvekorta. Bedrifta vil melda det som ser ut til å vera tjuveri og svindelforsøk.

Politiet har fått ein namngjeven mistenkt.

– Vedkomande stiller seg uforståande til saka, fortel Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.