Lokal | 18. jan. 2016

Trur på endring til det betre

Lensmann Oddbjørn Dyrdal gler seg til å koma i gang med politireforma - fordi han har tru på noko betre.

Trur på endring til det betre
Lensmann Oddbjørn Dyrdal har tru på politireforma (foto: Cathrin Valestrand)
Cathrin Valestrandmåndag 18. jan. 2016 13:27

– Tryggheit, lov og orden. Det er det som er og skal vera førsteprioritet for politiet. Eg har tru på intensjonen i reforma, og eg har tru på at endringane vert til det betre - både for publikum og for etaten, seier Dyrdal.

– Med denne reforma får vi meir å gjera i fleire roller, og då må det tilførast ressursar både økonomisk og personellmessig. Vi opplever at endringsprosessar krev tid og økonomi, og dette er ein suksessfaktor om ein skal lukkast med endringane.

Løyvingar må med

– Det er berre eit kriterium som må oppfyllast for at dette skal verta ein suksess. Og i den samanheng har eg ei innstendig bøn til sentale myndigheiter: Det må følgja midlar med reforma. Vi har ikkje råd til å sakka lenger akterut.

– Nærheit til publikum, bemanning, utstyr og teknologi. Alt skal verta betre. det er ei nærpolitireform, noko som fordrar at dei fleste av oss skal inneha større breidde i kompetanse. Og vi skal vera der folk bur og oppheld seg.

– I reforma ligg eit mål om å ha to politiutdanna per 1000 innbyggjarar. Då seier det seg sjølv at det må løyvast pengar til å tilsetja så mange. For å setja det i perspektiv: Bemanningsmessig i Os i dag er det 0,8 per 1000 innnbyggjarar. Det er altfor lite.

Prioritering

– Samfunnsutviklinga er større enn vi kan følgja opp i høve dei ressursane vi har tilgjengeleg. Det krev prioritering. Det er mykje vi ikkje får gjort, som vi gjerne skulle gjort. Sjølv om vi ser ei auke i alvorleg kriminalitet også hos oss, er det viktig å tenkja på at dei som er utsett for noko kriminelt, uansett kvar lovbrotet plasserer seg i statistikken, så er det viktig og alvorleg for dei som er berørt.

– Å sentralisera administrasjonen, og gje ein ny struktur tenkjer eg er positivt. Då får vi gjerne frigjort ressursar som kan setjast inn der det er mest behov. Fleire skal jobba ute i felten, og alle må ha god og brei kompetanse. Dette er ei omstilling som utløyser kompetanseheving for mange i etaten.

Kjerneoppgåver

– Førebygging, operativitet og etterforskning er det ein kan kalla kjerneoppgåvene våre. Og det er desse tinga som angår folk flest. Publikum merkar ikkje så mykje til administrativ ressursbruk. Med denne omorganiseringa må vi jobba smartare. Vi vil også få tilgang til meir, og nytt utstyr.

– Mykje av utstyret er på veg ut til oss. Vi skal rigga bilane våre litt annleis slik at vi i større grad kan arbeide meir på åstaden med ein gang vi kjem ut der. Då kan vi både sikre og eventuelt pågripa, og starta etterforsking og sikring av spor med det same. Det er tungvint og ressurskrevjande å jobba i etterkant.

– Typisk utstyr som vi vil ha med oss ut overalt er gode nok kamera, sporsikringsutstyr, og ITK-utstyr eksempelvis pc eller ipad som gjev tilgang og kan senda informasjon direkte frå åstaden.

Lensmannsmodellen

– Det å jobba mest mogleg på åstaden med det same er eigentleg ein lest som lensmannskontora har arbeidd etter lenge. Dei kallar det eigentleg lensmannsmodellen. Operativt og etterforskningsmessig er det dei same personane som tek seg av det. Den største omstillinga i så måte kjem nok for dei som har arbeidd på politistasjon. Etterforskingsavsnitt må gjerne også byrja å arbeida operativt. Kort sagt må fleire ha breiddekompetanse i framtida.

– Men for all del: Det er viktig å ha spesialistar på dei ulike fagfelta også. Men det er kompetanse kom kan samlast på distriktsnivå som alle dei underliggande driftseiningane kan nytta seg av.

Alvorleg kriminalitet også i Os

Dyrdal meiner at om ein kan løysa kvardagskriminaliteten på ein effektiv måte vil det frigjera tid til å arbeida med dei tunge sakene.

– Vi har alvorleg kriminalitet også i Os. Alt skjer overalt. Men det betyr ikkje at spisskompetansen må vera overalt. Men alvorleg kriminalitet ser ein ei auke i overalt. Det er langt ifrå noko «byfenomen».

– Så mykje føregår via internett no. Alvorleg seksualisert kriminalitet skjer gjerne over nettet. Økonomisk kriminalitet like så. Det meste kan gjerast heime via pc, ergo kan det skje overalt. Berre det er ein god begrunnelse for at politietaten må organisera seg slik at dei er nær ute der folk er. Å havna på etterskot gavnar ikkje.

Inkluderande og positiv

I statsråd 27. november vart Kaare Kjølberg Songstad utnemd som ny politimeister for distrikt vest. Frå 1. januar i år vart 27 politidistrikt redusert til 12.

– Den nye politimeisteren gjev uttrykk for å vera involverande og har eit genuint ønske om gode prosessar. Han involverer alle: grasrota i etaten, fagorganisasjonane og toppane. Vi er godt igang med leiarmøter. Og det er jamt over ei veldig positiv og god ånd for å få til noko bra i lag.

– Med eit nytt distrikt vert vi organisert på ein annan måte. Vi må arbeida meir heilskapleg og samarbeida betre. Politimeisteren gjev gode signal i høve det som er igangsett, og vi skal lukkast med reformarbeidet. Han har gode tankar om prosessar og involvering som gjer at heile organisasjonen blir med heile vegen. Sjølv om vi førebels ikkje veit korleis vi vert organisert som driftseiningar enno.

Trivsel og samarbeid

Dyrdal seier at det truleg ikkje vil verta dei store endringane for innbyggjarar flest.

– Vi skal framleis visa til gode resultat og tverretatleg samarbeid. Vi skal ha fokus på å halda på eit godt omdømme utad, og at folk skal trivast på jobb hos hos. Vi skal gje folk tryggleikskjensle, og vi er avhengige av eit framleis godt samarbeid med publikum.

– Kort sagt skal vi oppklara saker og syta for publikum sitt ve og vel. Det er framleis det som er jobben vår, avsluttar Dyrdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.