Lokal | 03. aug. 2014

Trugslar og slåsting

Først bad han om at motparten blei vist vekk frå festivalområdet, så blei det slåstkamp. Politiet rykte også ut for å vekka sovande festdeltakarar.

Trugslar og slåsting
Politiet stilte sterkt på Osfest i går, men det var først etter konsertane at det blei noko å ta tak i. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 03. aug. 2014 10:41

Laurdag blei som fredag ein lite krevjande kveld trass festival og mykje folk på fest i Os sentrum.

Men nokre episodar blei det.

– Begge var på natta etter at konsertane var over. Først hadde vi ein som sa at han hadde blitt truga av ein han ikkje kjenner.

– Vedkomande blei skildra, men vi fann han aldri.

Konflikt enda med slåsting

Seinare på natta, i 2-3-tida, fekk politiet melding om slåsting på eller ved festivalområdet.

– Han som hadde fått mest juling hadde gått frå staden, men vi har snakka med fleire vitne og fornærma vil truleg melda episoden.

– Det skal ha vore konfrontasjon mellom dei to tidlegare på kvelden, då skal ein av dei bedt vaktane kasta den andre ut.

Søv godt utan tak

Også laurdag morgon var politiet på festrelatert oppdrag.

– To personar, ei kvinne og ein mann, hadde sovna utandørs i Os sentrum.

Politiet fekk melding om sovande festdeltakarar i 10-tida laurdag og rykte ut for å få dei to på beina og i retning heim.

– Dei søv kvar for seg, på kvar si side av hamna, éin ved Esso, éin ved Oselvarnaustet, opplyser politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.