Sport | 03. aug. 2013

Trong siger til Lysekloster

På den vesle banen til Vaulen hadde Lysekloster god kontroll, men sluttminutta blei spennande.

Trong siger til Lysekloster
Kim Kleivedalen sette inn 1-0 skåringa til Lysekloster (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelaurdag 03. aug. 2013 18:42

I tordenvéret laurdag førmiddag lag Lysekloster turen til Sandnes og borteoppgjeret mot Vaulen. På den vesle Vaulen-banen hadde Lysekloster-gutane få problem å ta med seg tre poeng heim, sjølv om dei siste 7-8 minutta blei spennande.

– Vi speler ein dårleg 1. omgang, men tek leiinga 1-0 rett før pause på skåring frå Kim Kleivedalen.

– Vaulenbanen er lita og vanskeleg å spele på. Det blei mykje høge baller i 1. omgangen, fortel sportsleg leiar Ørjan Sandal.

Godkjent 2. omgang

Etter pause kjem munkane frå Lysefjorden utpå med ei heilt anna innstilling.

– Vi spelar ein godkjent 2. omgang og mykje betre enn den 1.

– Omlag halvvegs i omgangen går vi opp i 2-0 etter skåring av Daniel Kalstad.

– Dei siste 7-8 minutta blir nerverpirrende.

– Vaulen reduserar etter corner kor vi ikkje er merksamme nok. Dei pumpar på etter dette, men blir likevel ikkje farlege, seier Sandal.

– Alt i alt gjer vi ein grei kamp kor vi har god kontroll, oppsummerar den sportslege leiaren.

Troppen Lysekloster stilte med i Rogaland var: Arne Haugland, Even Bjoarvik, Martin Eidsvik, Joakim Hovden, Kim Kleivedalen, Johannes Jordal, Baste Jonassen, Ørjan Skilbrei, Frode Buvik, Thomas Lyngbø, Preben Skorpen, Stefan Bernsen, Eirik Indredavik, Kim Krogsethagen, Daniel Kalstad, Steffen Vindal og Thomas Sandal.

Etter sigeren tek Lysekloster tabell-leiinga, men Stord som, i skrivande stund, ligg tre poeng bak har ein kamp mindre spelt. Dei møter Koparvik laurdag ettermiddag.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.