Trond Inge Nilsen med klassesiger opp Gullfjellet
Fire av seks deltakarar frå Os kom på pallen i Gullfjellet Opp.
I går gjekk årets Gullfjellet Opp av stabelen, med trimklasse og konkurranseklasse.
Den lengste konkurranseklassen går frå Osavann (310 moh) cirka 8 kilometer opp til Gullfjellstoppen (987 moh).
Opptur Motbakkeklubb stilte med fleire deltakarar, fem av dei i lang løype i konkurranseklassen.
Tre av dei fem kom på pallen i sin klasse, i tillegg kom osingen Valter Midtsæter, som løper for Mjøsdalen, på 2. plass.
Førsteplass til Nilsen
Trond Inge Nilsen hadde både den beste tida, 57:58, og den beste plasseringa då han stakk av med førsteplassen i klassen herrar 45 til 49 år.
– Eg har vore skadefri dei siste to månadane og fått trent godt. I tillegg var forholda veldig gode. Men det at eg vann klassen var like mykje fordi eit par av dei beste ikkje var med, seier Trond Inge.
Han har trent løping i terreng i ein del år og gler seg over at Opptur Motbakkeklubb blei starta.
– Det er veldig godt miljø blant både konkurranseutøvarar og mosjonistar, synest han.
I same klasse kom Kjetil Styrvoll på ein fin 4. plass.
Valter Midtsæter frå Os løper for Mjøsdalen il. Han kom på 2. plass i klassen M50-54 med tida 1:01:31.
Hallvard Rosvold kom på 9. plass i klassen under, M35-39, med tida 1:03:48.
2. og 3. plass til Andreas og Erik
I klassen gutar 14 til 15 år var to av topp tre frå motbakkeklubben frå Os.
Andreas Skulstad Størkson tok 2. plass, nok ein gong bak Vetle Martinsen frå Gneist. Andreas hadde nest beste tid frå Os uansett klasse då han kom i mål på 59:45.
Erik Vaktskjold, sonen til Trond Inge Nilsen, kom i mål knappe tre minutt seinare og tok med 1:02:10 ein fin 3. plass i klassen.
– Det er veldig kjekt at ungdomane som no heng seg på, at ikkje det berre er oss gamlingar som er på tur i lag. Eg er imponert over Andreas, som kom seg opp på under ein time i debuten. Også Erik har vist fin utvikling og gjorde eit bra løp, synest Trond Inge.