Lokal | 27. jan. 2010

- Trist utvikling

Os lensmannskontor oppsummerte i dag 2009, som blant anna viser ei auke i seksuelle overgrep.

- Trist utvikling
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. jan. 2010 14:37

- 2009 var ikkje eit spesielt år for Os lensmannskontor, men nokre større sakar hadde vi, og vi ser ei trist utvikling på enkelte område, sa lensmann Rasmus Dalen då han i dag la fram statistikk for fjoråret.

Talet på forbrytelser auka frå 561 i 2008 til 655 i 2009, talet på forseelser gjekk tilbake frå 336 i 2008 til 292 i 2009. Samla blir det ei auke frå 871 til 947.

- Vinningskriminalitet, skadeverk og seksuelle overgrep har auka mest, seier Dalen.

Tilfella av meldte seksuelle overgrep har auka med 17 prosent på eitt år, til 32 tilfelle i 2009.

Ressursmangel og tidkrevjande sakar
Dalen fortel at fleire av tilfella av seksuelle overgrep er sakar som handlar om unge menn som har seksuell omgang med jenter under 16 år. Sakane er krevjande å jobba med på fleire måtar.

- Ved sida av alvoret i sakene krev det ekstra ressursar å skaffa bevis. Det er ofte ord mot ord. I tillegg er det dommaravhøyr som gjeld ved avhøyr av mindreårige. Dette er prioriterte sakar hos oss, men samstundes sakar som gjer at vi dessverre må prioritera vekk andre oppgåver for å halda oss innanfor dei økonomiske rammene vi har, seier lensmannen.

- Samstundes forstår eg at folkkan bli fortvila om dei opplever at vi ikkje har god nok tid til akkurat deira sak. Kvar enkelt synes sikkert at si sak er viktig, men vi følgjer nasjonale retningslinjer for prioritering, og der står blant anna lovbrot av unge gjerningsmenn og sakar som handlar om vald høgt på lista.

Lågare oppklaringsprosent
I snitt har oppklaringsprosenten ved Os lensmannskontor gått ned frå 64,4 prosent til 52,5 prosent på eitt år. Dette er med på å illustrera behovet for auka rammer.

- Er det mogleg å be om auka ressursar?

- Då skal det vera heilt spesielle sakar. Vi må nok klara oss med det vi har, og dei signala vi har fått til no seier at vi ikkje får meir å rutta med i 2010. Samstundes vil eg seia at tenestemennene våre er effektive og får mykje ut av kvar krone.

Sakshandsamingstida på forbrytelser har gått ned frå 157 dagar i 2007 og 140 i 2008 til 108 dagar i 2009.

Over GHB-toppen?
Os har fått mykje merksemd for GHB og GBL det siste halve året. Lensmannen trur ei av årsakene er at kontoret på Os har jobba godt med dette området, og har god oversikt over miljøet.

- Arbeidet har også fått merksemd av andre distrikt, og blir sett på nesten som eit forbildeprosjekt, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen, som har mest med narkosakene å gjera, takkar både publikum og media for deira engasjement.

- Eg trur og håper at vi no er over toppen når det gjeld GHB og GBL. Engasjementet frå Os kommune med tverrfagleg samarbeid og tilbod om hjelp til brukarar som slit vil nok også verka positivt inn, seier Hadler-Olsen.

- Noko av det som uroar oss no, og som vi kjem til å ha ekstra fokus på i år, er misbruk av kokain og amfetamin. Det er ei gruppe ungdomar og unge vaksne mellom 18 og 25 år, og ein del unge jenter, som elles er i jobb eller på skule, men som brukar narkotika når dei festar i helgene.

HER ER NOKRE TAL FRÅ 2009 (TAL FRÅ 2008 I PARANTES)
Innbrot: 12 (5)
Trugslar: 31 (28)
Simpelt tjuveri: 149 (119)
Grovt tjuveri: 46 (39)
Bedrageri: 19 (23)
Skadeverk: 74 (44)
Motorvogn-tjuveri: 8 (11)
Orden/fred: 24 (35)
Kjøring i påverka tilstand: 27 (20)
Kjøring utan gyldig førarkort: 39 (56)





Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.