Lokal | 02. apr. 2017

Trening er ferskvare

Ny, fast treningsspalte: Kor mykje trening er nok, korleis får du tid og kvifor skal du trena både kondisjon og styrke?

Trening er ferskvare
Torill Bakke er fysioterapeut, personleg trenar og ny, fast spaltist hos Midtsiden.no. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 02. apr. 2017 21:48

Ny Midtsiden-spaltist, fysioterapeut og personleg trenar (PT) Torill Bakke, vil første søndag i månadane framover koma med gode råd og inspirerande ord for deg som liker mosjon og trening - eller som lurer på om det er på tide å koma i gang. I første innlegg kjem mykje god og generell informasjon.

Regelmessig trening er eit godt og viktig val for helsa vår. Ved å trena regelfast vil du både få gode treningsresultat, i tillegg til energi og overskot til å koma deg gjennom arbeidsdagen og andre utfordringer kvardagen har å by på.

Trening er ikkje alltid gøy, og nokre dagar er tyngre enn andre, men gjennomfør likevel. Sofaen kjennes garantert så utrulig mykje betre ut etter å ha trent i forkant. Du angrar aldri på ei treningsøkt!

Klarer du 1,5 time i veka?

Alle veit at trening er viktig, men kor mykje er egentlig nok?

Regelmessig fysisk aktivitet fremjar helse, gir overskot i kvardagen og forebygger ei stor mengde ulike sjukdomar. Så lite som 150 minutt med moderat treningsintensitet eller 75 minutt med høg treningsintensitet i veka er det Helsedirektoratet anbefalar som eit minimum for vaksne. For barn gjelder andre tall.

Desse tala tilsvarar ikkje meir enn ca 1,5 til 2,5 timer regelmessig trening i veka. Det er vel tid vi alle bør bruka som ei god investering i eiga helse?

Tren litt - kvar einaste veke

Når livet med studier, jobb, familie og fritid er travelt og dagane går i eitt, kan det vera vanskeleg å få treninga tilå bli regelmessig. Då er det viktig å prioritera for å sikra at dei vekentlege treningsøktene blir gjennomført.

Trening er ferskvare og det er kontinuteten gjennom heile året som gir dei gode resultata. God helse, ein sterk kropp og ei sunn kroppssammensetjing kjem som eit naturleg resultat av regelmessig trening og ein sunn livsstil gjennom heile året, ikke dei sjeldne og tilfeldige øktene du får til innimellom.

Dei vekene som er så travle at trening verkar umogleg å få til, så kan kanskje ei morgonøkt vera løysinga? Stå opp en time før du brukar å stå opp og gjer deg ferdig med treninga mens alle andre søv. Eg garanterer deg verdas beste start på dagen, iallfall når økta er unnagjort!

Både styrke og kondisjon

Det er viktig å trena både styrke og kondisjon. I Noreg er hjarte- og karsjukdommar det flest døyr av, etterføgd av kreft. Regelmessig kondisjonstrening er eit fantastisk bidrag til å ivareta hjertemuskelen vår på en god måte.

Frå 30-årsalderen mister vi muskelmasse. Styrketrening motvirkar dette. Ein sterk kropp tåler generelt meir i kvardagen, i tillegg til at vi er betre rusta mot belastningslidingar i muskel og skjelett.

Styrketrening med fokus på dei store muskelgruppene er alltid bra og tidseffektivt. Øvingar som beinpress, knebøy, markløft, armhevingar og kroppshevingar er alle gode øvingar som tilsaman trener heile kroppen.

Hugs i tillegg at for å bli sterkare er det viktig at du trener tungt. Ikkje undervurder di eiga styrke. Styrketrening fører også til eit sterkt skjelett. Det er positivt i Noreg, der vi er på toppen av statistikkane over mest beinskjøre folkeslag.

Planlegging og effekt

I tillegg til god planlegging er det viktig å trena smart og effektivt. Vi har alle ulike referanserammer for kva vi liker. All aktivitet er betre enn ingen, her gjeld det å finna seg ein aktivitet som ein liker såpass godt at ein kan gjennomføra den over tid. Finn noko som passar for deg og varier gjerne mellom ulike aktivitetar.

Prioritering, planlegging og ei treningsform som passar deg er viktig for å få treninga inn som ein naturlig del av kvardagen. I tillegg kan det vera veldig motiverande å setja seg gode mål med treninga.

Målet treng ikkje vera så stort, det viktigste er at det motiverer deg. Sett gjerne opp fleire slik at du har meir å strekka deg etter.

Det kan også vera lettare å koma seg på trening om du trener saman med nokon. Ein treningsavtale med nokon andre er vanskelegare å bryta enn ein avtale du har med deg sjølv.

Eg håper dette var ein liten motivasjon til å la våren 2017 bli aktiv!

Lykke til med treninga! Jobb deg igjennom øktene og nyt den deilige kjensla av ein kropp full av herlege endorfiner når du er ferdig!

Kroppen vår er skapt for å være i bevegelse og all aktivitet er gull for helsa vår! You can do it!

Torill Bakke
Fysioterapeut og personleg trenar

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.