Treng instruktørar
Nore Neset Grendalag investerar i fem bordtennisbord. - Vi har to instruktørar, men treng minst fem for å starta organisert trening, seier Susan Askvik.
Grendalaget på Nore Neset gjekk tidlegare i år ut og etterlyste om det fantes ubrukte bordtennisbord på bygda.
- Heile tre familiar tok kontakt og fortalde dei hadde bord ståande.
- I tillegg er det allereie to bord på skulen som vi nyttar slik at det til saman blir fem bord tilgjengeleg når vi startar opp på nyåret, fortel ei ivrig Susan Askvik.
Laget vil i tillegg kjøpa inn det som trengs av racketar, ballar og net.
Kretsen er med
Interessa for bordtennis på Nore Neset er stor.
- Det kjem elevar ein halvtime før skulen startar, berre for å spela.
- I tillegg har vi vore i kontakt med bordtenniskretsen og Heros bordtennisklubb i Bergen. Båe er svært ivrige etter å hjelpa oss og få til ein region Vest, forklarar Askvik.
Førebels har dei ikkje innleia samarbeidet, men når treningane kjem igang og spelarane får sving på racketen vil dei nok innlemmast i idrettslaget slik at dei òg kan delta i konkurransar mot andre klubbar.
- Idrettslaget er svært positive, men førebels vil vi starta opp på eigenhand.
Vil kursa instruktørar
Saman med Lene Ringeling håpar Askvik det er fleire som vil melda seg som instruktørar.
- Vi har to som har meldt seg og som vi skal senda på dommarkurs slik at dei får ei oppdatering på reglane.
- Men vi skulle gjerne hatt minst tre til før vi set i gang slik at dei kan veksla litt på.
- Om det er nokon som har spelt bordtennis tidlegare og som har interesse for sporten så er det berre å melda seg.
- Vi kan lova kursing og god oppfølging, smiler dei to eldsjelene i Nore Neset Grendalag.