Treng full pott i Sogn
Os reiser til Sogn og Fjordane med full stall når dei i helga speler to viktige kampar i innspurten mot opprykk.
Handballherrane til Os går for opprykk til 2. divisjon og starta sesongen med solide sigrar i alle dei fire første kampane.
Men så gjekk dei på tap i to av dei tre neste kampane, med fire mål for Kjøkkelvik og med tre mål for Norrøna.
– Vi fekk ein periode med skadar og sjukdom i stallen og stilte til kamp med for tynt mannskap. Men vi har heldigvis ikkje spelt dårleg til no, og no er alle friske og klare igjen, seier trenar Leif Idar Røen.
Os ligg på 3. plass på tabellen etter 10 spelte kampar (6-1-3).
Kjøkkelvik, som har spelt 11 kampar (8-1-2) leiar tabellen medan Viking 2, som har spelt 12 kampar (7-2-3), ligg på 2. plass.
– Bør vinna begge
I helga møter Os Gloppen og Stryn på bortebane. Dei to ligg på 6. og 7. plass på tabellen.
– Vi har teoretiske sjansar på opprykk sjølv med eitt tap borte, men vi går for siger i begge kampane, seier Røen.
Heimekampane mot dei to enda 33-23 og 40-22 i Os sin favør.
Etter turneen i Sogn ventar heimekamp (sesongens siste heimekamp) mot Norrøna 10. mars og bortekamp mot BSI 17. mars.