Treng 180 bøsseberarar i Os
Etter digital aksjon i fjor, håper Tove Hille at folk er ute av dvale og klare for ein søndagstur med meining.
Søndag 24. oktober går årets TV-aksjon av stabelen.
Under pandemien i fjor var det 117 digitale bøssebærarar. Desse samla inn til saman 389.000 kroner, 18,50 kroner per innbyggar.
I tillegg kom rause bidrag frå næringsliv og skular si innsamling.
– Normalt er vi 180 bøsseberarar. Vi har byrja å ta imot påmeldingar, foreløpig er det berre under 20 som har meldt seg, seier Tove Hille, leiar for Os Frivilligsentral.
Påmelding er via Blimed.no, anten du vil laga digital bøsse eller gå ein søndagstur med meining. Tove får melding om du tastar inn ei postadresse herfrå.
– Folk er gjerne litt i dvale etter fjoråret, no gjeld det å jobba knallhardt i eit par veker for å få mange nok, seier Tove.
Ho har sendt ut invitasjon til 60 lokale lag og organisasjonar, når ho får inn svar frå desse kan bøssebæerarmengda auka.
– Også på Fusa-sida blir det jobba godt. Der er det sendt ut melding til 33 lag, men dei har framleis nokre bygder dei ikkje har nok bøssebæerarar i.
– Folk må gjerne laga digital bøsse i år òg, men det har ofte ein eigenverdi å gå med bøsse. Bøsseberarane fortel ofte om fin mottaking og god stemning på runden. Base blir i Tunet, der neste års konfirmantar er vertsskap. Det er alltid kjekt å vera med på.
Med Plan mot barn som blir brud
Årets TV-aksjon er tildelt Plan Norge og deira arbeid med å bekjempa barneekteskap.
Pengane som kjem inn skal gå til lokale prosjekt i fem ulike land; Bangladesh, Nepal, Mali, Malawi og Niger.
I fire av desse landa blir 40 til 50 prosent av jentene gifta vekk før dei er 18 år gamle. I Niger gjeld dette heile 80 prosent.
Kvart 3.sekund blir ei jente gifta vekk ein eller annan stad i verda. Desse jentene går glipp av skule, utdanning og leik.
Jentene som blir gifta vekk blir oftare utsette for vald og overgrep enn andre jenter.
Med midlane som kjem inn skal Plan halda fram arbeidet sitt med å styrka, beskytta og utdanna jenter.