To trenarar saman om to damelag
Os/Nore Neset utvider til to 11-arlag. Ørjan Sandal og Stian Kvåle skal leia begge.
Os og Nore Neset, som samarbeider på ungdom og senior jenter og dame, utvider frå eitt til to ellevarlag, og får dermed lag i både 5. og 3. divisjon i årets sesong.
Stian Kvåle, som leia damelaget til Os til opprykk i 2018 og 5. plass av 12 lag i 3. divisjon i 2019, held fram som trenar i 2020.
Kvåle skal leia dei to damelaga saman med Ørjan Sandal. Sandal har trent 2003-årgangen til Nore Neset/Os, jentene som tok seg til Norway Cup finale i 2018, vann NM i fjor og blei kretsmeister i J17 både to og eitt år før dei i år blir 17 år.
– Vi kunne spelt jenter 17 i år òg, men eg trur motstanden og den sportslege utfordringa hadde blitt for liten for jentene.
– Vi har spelt opp i alder, og berre hatt éin spelar som er eldre enn 2003-årgangen, og tre som er yngre. Eg ser at dei beste laga vi har møtt som har 5-6 spelarar frå 03, i år sender desse til seniornivå, seier Sandal.
Styrer begge laga saman
Sandal og Kvåle er vant med å samarbeida, fleire av 2003-jentene har spelt seniorfotball ved sidan av ungdomsfotball førre sesong.
– Vi satsar vidare på jente- og damefotball. Eg er glad for at begge er med vidare, og for at vi no får eit utvida tilbod i seniorfotball i Nore Neset og Os, seier dagleg leiar i Os Fotball.
Dei to laga skal trena saman, og begge trenarane er med og leiar begge laga i kamp når serien startar.
Sandal fortel at gruppa tel oppunder 30 spelarar, og at dei har vore over 20 på trening no i januar.
– Vi trener tre dagar i veka, i tillegg kjem eigentrening på kondisjon og styrke.
Os Fotball har dei siste to sesongane òg hatt eit sjuarlag. Det er uvisst om dette held fram. I haust blei det starta eit damelag på Søre Neset. Det var i november ikkje bestemt om dei ville melda seg på i 7-ar eller 11-ar.