Lokal | 01. okt. 2011

Treff i natt?

Politiet har fått fleire meldingar om burning og stygg kjøring i natt. Og éi melding om innbrot.

Treff i natt?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 01. okt. 2011 08:46

Fredag kveld og natt til laurdag fekk politiet fleire meldingar om bilar som var samla og dreiv kappkjøring og burning.

– Patruljen møtte ei gruppe ungdomar i bilar i Industrivegen eller på Ulven i natt. Det blei ingen reaksjonar, men dei fekk seg ein samtale, fortel Kenneth Rastad.

– Det har truleg vore eit treff i natt for eg høyrte sjølv lydar frå ei stor gruppe bilar som kom forbi området der eg bur i høg fart, legg han til.

Falsk alarm

Politiet fekk også melding om innbrot i ein butikk i 3.15.tida i natt. Vitne varsla då dei såg mann med hette på veg inn i lokalet.

Det viste seg ikkje å vera eit innbrot, men ein som hadde lovleg ærend i lokalet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.