Tredje strake
Søre Neset Volleyball held fram den gode sesongstarten. Måndag slo dei Hordvik 3-1 heime i Oshallen.
Volleyballdamene til Søre Neset har fått ein god start på sesongen med siger i dei to første kampane. Måndag kveld var det duka for nok eit tøft oppgjer, denne gong heime mot Hordvik.
Kampen starta på typisk Søre Neset-vis, nemleg med å koma bakpå.
– Det er Søre Neset-syndromet å ha ein rufsete start, men det kom seg utover i kampen, seier trenar Morten Erikssen om første settet dei tapte 21-25.
– Første settet er greitt nok, men det blir litt rot som gjev poeng i mot.
– Hordvik er eit godt lag, som det ikkje er berre berre å forsvara seg mot. I starten av kampen spelte vi dei gode, analyserar Erikssen.
Snudde settet
Andre settet vann Søre Neset 25-23, før dei i tredje settet hamna under 4-10.
– Ting snur fort i volleyball. Det er som i handball, fire kjappe kontringar, så er du der.
– Men Hordvik er så gode at det å hamne bakpå slik som vi gjorde i tredje settet er skummelt, men jentene greidde det og snudde settet til ein solid 25-16 siger, smiler trenaren.
I det fjerde settet avgjorde Søre Neset-jentene kampen med å vinna settet 25-16 framfor dei 37 frammøtte tilskodarane.
– Det er imponerande med såpass mykje folk. Det er omtrent berre i eliten ein har så mange på kamp, avsluttar Morten Erikssen.