Fotball | 05. juni 2016

Tredje sigeren på rad

Ståle Steen Sæthre gjorde som han pleier. Dukker opp heilt på slutten og sikrar Lysekloster sin tredje siger på rad.

Tredje sigeren på rad
Ståle Steen Sæthre skåra vinnarmålet mot Stord (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresundag 05. juni 2016 20:51

Lysekloster hadde ein vanskeleg bortekamp mot naboane frå Stord søndag ettermiddag.

Det starta på best mogleg måte for gjestane frå Lysefjorden då Baste Jonassen gjorde 0-1. Litt seinare er det Hans-Christian Nysæther som er frampå og tek Lysekloster opp i 0-2.

– Reduseringa kjem på eit frispark som går rett i mål, fortel Svein Kollen.

Stillinga til pause var 1-2 før Stord igjen reduserar litt ute i 2. omgangen.

– I det 88. minutt gjer Ståle Steen Sæthre som han pleier og sikrar oss tre nye poeng.

– I dag var vi ikkje heilt på. Vi har nokre spelarar som er ute, men samstundes andre som er tilbake, men dette var ikkje av dei beste kampane våre. Vi blir pressa store deler av kampen, så tre poeng skal vi vera godt nøgd med.

– Det betyr òg at vi går forbi Stord på tabellen og har berre tre poeng opp til sikker plass. Det ser lysare ut no, avslutter Kollen.

Sjå høgdepunkta frå kampen på Stord-TV

Stord - Lysekloster 2-3 (1-2)
Lysekoster sitt lag: Ole Kristian Olsen, Sigve Rørstad, Gojko Ivkovic, Baste Jonassen, Denis Ljubovic (Joshua Pritchard 43 min), Hans-Christian Nysæther (Espen Birkeland 67 min), Martin Røttingen Eidsvik, Sindre Hitland Flaa, Ståle Steen Sæthre, Thomas Helland (Ken-Joar Føyen 71 min), Tommy Gaustad.

Sjå tabellen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.