Tre vil bli rektor
Til den ledige stillinga som rektor ved Kuventræ skule kom det inn tre søkjarar inna fristen. - Vi lever godt med det, seier Ingvar Torsvik.
Dagens rektor, Per Olav Sørås, går til stillinga som kommunalsjef i Austevoll kommune. No har fristen for å søkja på den ledige rektorstillinga gått ut og det har kome inn tre søknader.
- Olav Røttingen (51) er i dag avdelingsleiar ved Sandsli vidaregåande skule.
- Marianne Auganæs (32) er i dag rektor ved Sund skule
- John Hartwig (55) er sjølvstendig næringsdrivande i Kvitseid i Telemark.
Skal finna ein god rektor
Midtsiden har fått reaksjonar på at det var frykteleg få.
- Det har du forsåvidt rett i. Tre var mindre enn vi hadde håpa på og rekna med på ei så attraktiv stilling.
- Når det er sagt, så er det ingen problem å ansetta rektor på Kuventræ med denne søkerlista vi har, slår Ingvar Torsvik, kommunalsjef for oppvekst og kultur fast.
Anne fungerar i byggjeprosjektet
28. januar har Per Olav Sørås sin siste dag. Planen var at han skulle gå frå Kuventræ til nye Nore Neset Ungdomsskule og vera del av byggjeprosessen der.
- Anne F. Fristad er jo tilsett som assisterande rektor på Nore Neset så ho går inn og tek over oppgåvene for Per Olav.
- Det kjem til å gå heilt fint, vi er godt i gang med bygginga, forsikrar Torsvik.
Når det gjeld sjølve rektorstillinga på Nore Neset vurderar kommunen korleis dei skal gripe den ann.