Lokal | 04. des. 2013

Tre velta over E39

Søfteland: Veg stengt og fleire utan straum etter rotvelt. OPPDATERT kl 00.08: Ett felt er ope, dirigering på staden.

Tre velta over E39
Dette treet har lamma trafikken og sørgja for straumbrot på store delar av Søfteland i kveld. (Foto: Henrik Mjelva)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. des. 2013 23:15

Rett over klokka 23 onsdag kveld kom meldinga om velta tre over E39 på Søfteland.

– Vegen er stengt i begge kjøreretningar, fortel politibetjent Andreas H. Hagenes.

Det velta treet ligg i vegen mellom Joker og Søfteland skule.

Ingen blei skadd då treet velta.

– Vi er på staden saman med ryddemannskap.

Det er kø i begge retningar på E39, men omkjøring over Langedalen for dei som ikkje sit i vogntog.

Treet har truleg velta grunna kraftig vind i Os onsdag kveld.

Det er uvisst kor mange husstandar som er utan straum, men E39 skal vera utan gatelys heilt til Røykenes.

OPPDATERT kl 00:08:

– Treet er fjerna, men vegen er framleis stengt, sa Hagenes klokka 23:47.

– BKK held framleis på med linjene og det er uvisst kor tid vi kan opna for trafikk igjen.

Klokka 00.08, ganske nøyaktig eín time etter at treet velta, kunne politiet melda at det no er opna ett felt på E39, og at trafikken blir dirigert forbi.

– Vi opnar nok begge felt om ikkje så lenge, seier Hagenes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.