Tre unge debutantar på Os sitt A-lag
Runda av sesongen borte mot Frøya i dag.
Os, som i førre runda sikra 3. plassen med siger heime over Fyllingsdalen, spelte i dag 26. og siste serierunde mot same lag som i serieopninga, Frøya.
Os slo Frøya 2-1 både i treningskamp i vinter og i serieopninga. I dag hamna dei under 3-0.
– Vi hadde ballen og presset, men Frøya la seg lågt, og var vanskeleg å skapa sjansar på, seier Vegard Strønen Skeie.
Simen Næss skåra for Frøya i 19. og 26. minutt, Leander Rebnord auka til 3-0 i 26. minutt.
– Vi var litt uheldige på ein trang bane i avgjerande situasjonar før nokre av baklengsmåla, så det blei litt tungt, seier Skeie.
Midtstopparen kom sjølv innpå som spiss i 65. minutt og heada inn ein corner i 72. minutt på 22-årsdagen sin.
Kristian Hjelvik Halvorsen reduserte til 3-2 på frispark i 76. minutt. I staden for å utlikna fekk dei eit mål imot på ei kontring av Næss i 87. minutt.
Frøya - Os 4-2 (3-0)
Målskårarar, Os: Vegard Strønen Skeie og Kristian Hjelvik Halvorsen
Os: Kasper Sandven Færøvik - Martin Lund Hunnes, Torkel Hjertnes, Anders Hjelle Havsgård - Kristian Hjelvik Halvorsen, Sverre Spangelo Haga, Jonathan Mjånes Lund, Eirik Rysjedal - Daniel Grimset Kvalvågnes, Benjamin Johansen Engevik og Sebastian Plätzer.
Innbytarar (alle med speletid): Vegard Strønen Skeie, Henrik Tysse Sperrevik, Henrik Johan Ognedal Berge, Torgeir Lunde og Vebjørn Fykse Haga.
Tre ungdomar debuterte for A-laget i dag:
Martin Lund Hunnes (fødd i 2005), Benjamin Johansen Engevik (2006) og Henrik Johan Ognedal Berge (2006).
Martin har spelt 18 kampar for Os 2 og 10 for G19 i år.
Benjamin har 1mål på 17 kampar for Os 2 i år, og 4 mål på 9 kampar for Os G19.
Henrik har 1 mål på 5 kampar for Os 2, og har også spelt 3 kampar for G19 og 3 for Brann G16.
Neste helg rundar Os 2 av sesongen.
Dei kjempar framleis om å berga plassen i 4. divisisjon.