Lokal | 09. sep. 2020
Tre trafikantar stoppa i laserkontroll
Politiet sto på Skeisflaten seint tysdag kveld.
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. sep. 2020 09:17
Tysdag i 23-tida hadde politiet fartskontroll med laser på Skeisflaten.
– Det blei skrive ut tre forenkla forelegg, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.
Det blei målt fart på bilane som kom frå Irgenskrysset i 50-sona, på veg inn i 30-sona forbi avkøyring til idrettsplassen og skulane.
Høgaste fart blei målt til 65 km/t. Det fører til forelegg på 3.800 kroner og to prikkar på førarkortet.
Då Midtsiden var på staden heldt dei på å pakka saman. Så høyrde dei lyden av ein motorsykkel som gira ned. Dei fekk ei måling og la seg etter, men denne ser det ikkje ut som om dei fann igjen.