Tre tatt i snittmåling i Hegglandsdalen
Sjekka forholda etter fleire klagar.
Politiet har fått fleire klagar på både høg fart og farleg køyring på Hegglandsdalsvegen, både over tid og no i det siste.
I går kveld var politiet og heldt fartskontroll med snittmåling i området.
– Det førte til tre reaksjonar, seier vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.
Klokka 20.30 blei ein mann i 40-åra målt til 67 km/t. Han vedtok forelegg på 5.850 kroner og fekk i tillegg 3 prikkar på førarkortet.
Ein halvtime seinare blei ein bilførar i slutten av 20-åra målt til 65 km/t, Det førte til 4.050 kroner i forelegg og to prikkar.
Klokka 21.50 blei ein yngre bilist stoppa. Han blei målt til 62 km/t i 50-sona, og fekk same storleik på forelegget, 4.050 kroner.
Men vedkomande er under 20 år og i prøvetid på førarkortet, dermed blei det dobbelt opp med prikkar, altså 4.
I tillegg blei ein bil kontrollert for lysfeil. Den mangla eit køyrelys framme, bilførar fekk muntleg pålegg om å utbetra feilen.