Lokal | 03. nov. 2011

Tre tatt i rassia

Tre personar blei gripne med narkotika og ulovlege våpen under politiaksjonar onsdag.

Tre tatt i rassia
Andris Hamretorsdag 03. nov. 2011 10:01

Onsdag gjekk politiet til aksjon mot tre husvære i Os etter beslutning frå Nordhordaland Tingrett.

- Det var mistanke om oppbevaring av narkotika på dei tre plassane som låg til grunn for rettens avgjersle om ransaking, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

Mistanken syna seg å vera rett. På alle tre stadane fann politiet narkotika. I tillegg blei det funn av ulovleg ammunisjon og våpen.

- Til saman blei det beslaglagt 20 gram hasj pluss våpena.

- Tre personar blei gripen og tatt med til avhør.

- Alle tre har erkjent tilhøva. Dei kan venta seg forskjellige reaksjoner frå politiet, avsluttar politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.