Tre nye på prøvespel
Fredag kjem tre utanlanske spelarar til Kuventræ for prøvespel med Os.
Os Turn Fotball, som før helga blei einige med Lars Bakkerud om fast 60 prosent stilling i klubben, hentar no inn tre spelarar for prøvespel med A-laget.
To av dei har fartstid med blant anna U19-landslaget til Slovakia, alle tre har tidlegare spelt i 1. divisjon i heimlandet sitt.
– Spelarane kjem fredag og blir her til 4. desember.
– Målet er, om dei presterer som venta, å teikna kontrakt med alle tre før dei reiser heim, sånn at dei kjem tilbake klar for oppkjøring frå januar, seier formann Knut Haddal.
Noko å strekka seg etter
Årsaka til at Os ønskjer å styrka A-laget er at dei vil gje eksisterande seniorspelarar nytt og godt selskap.
– Dette er spelarar som representerer haldningar og ferdighetsnivå som gjev gruppa noko å strekka seg etter.
– Med den satsinga vi no gjer i barne- og ungdomsavdelinga vil vi kunna utvikla fleire eigne toppspelarar i åra som kjem, seier Haddal.
Her er spelarane:
Patrik Bujna (27 år)
Har spelt i 1. divisjon i Slovakia og har tilbod frå 1. divisjon (nest høgaste nivå) i Østerrike. Ein svært rask og teknisk spelar, ein typisk høgrekant, med gode skot.
Typisk høyre kantspiller men kan også brukes som spiss. Meget hurtig, teknisk spiller med god skudd.
Har jobba som bilmekanikar ved sidan av fotballen. Jobbar no på Hitra og ønskjer å bli verande i Noreg.
Andrej Nemec (fyller 23 år i desember)
Ein sterk midtbanespelar. Har vore profesjonell fotballspelar til no, blant anna i 1. divisjon i Slovakia og i tysk 4. divisjon, der dei nyleg rykte opp til 3. divisjon. Har fartstid med U19-landslaget i Slovakia.
Broren hans, Adam Nemec, speler på det slovakiske landslaget, og har spilt blant anna for Kaiserslautern (no speler han for Union Berlin)
Lukas Horvath (25 år)
Stor og sterk forsvarspelar, 1,94 høg og 90 kilo. Har spelt på Slovakia sitt U15, U16, U17, U18 og U19-landslag.
Speler no i 3. divisjon, men har også fartstid i 1. og 2. divisjon.