Samferdsle | 19. juni 2024

Tre dagar med omkøyring via Finnebrekka

Marknadsdagane startar torsdag. Samtidig er Giskavollen stengt.

Tre dagar med omkøyring via Finnebrekka
Skal du til Giskavollen Parkering eller Oshaugen dei neste tre dagane? På dagtid blir det omkøyring om Finnebrekka. (Google Maps)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 19. juni 2024 18:19

I morgon startar Marknadsdagane i Os, som varer frå torsdag til og med laurdag.

Det betyr at Øyro blir stengt for gjennomkøyring i tre dagar, men berre i seks timar per dag.

– Vi stenger klokka 10 og opnar klokka 16 alle tre dagane, seier Christoffer Kobbeltvedt frå Fjordfolk.

Fjordfolk arrangerer Marknadsdagane for Os Sentrumsforening.

– Øyro blir stengt ved Malina og mellom Catten og Skaparstovo, så bilar kan koma seg bak Fana Sparebank for å parkera.

Samtidig er Giskavollen, grunna gravearbeid, stengt ved Jordmorsvingen.

– Det betyr at det desse timane berre er éin veg til og frå Landboden, Giskavollen og Oshaugen - via Finnebrekka, opplyser Kobbeltvedt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.