Tre bilar i trafikkuhell
Tre bilar var involvert i eit trafikkuhell på Byvegen fredag ettermiddag.
Like etter klokka 1710 rykte politi, brannvesen og ambulanse ut på eit trafikkuhell i Byvegen mellom avkøyringa til Os ungdomsskule og Elvebakken.
– Det har vore tre bilar involvert. Den eine kom frå det mest utan skade. Dei to andre har hatt ei delvis møteulykke kor den eine truleg har kome delvis over i feil køyrebane, fortel politiet på staden.
Alle personane som sat i dei tre bilane kom frå ulykka utan større skader. Vidare etterforsking vil avdekka hendelsesforløpet.
Sleit med å komma fram
Ulykka skjedde samstundes med at ferjekøen frå Halhjem var på veg gjennom Os. Det gjorde at det blei relativt store køer, noko som igjen gjorde at brannvesenet hadde ein utfordrande jobb med å komma seg ned frå Moberg til ulykkesstaden.
Vegen er framleis i 1745-tida delvis stengd og trafikken blir dirigert forbi staden. Politiet har rekviert bergingsbil.