Tre av fire er nøgde med NAV Vestland
Vestlendingar er nøgde med sikkerheita på NAV-kontora, men synest det kan vere vanskeleg å kome i kontakt med NAV. Dette viser ei fersk undersøking.
Over 2.100 personar som har vore i kontakt med NAV Vestland, svarte på brukarundersøkinga.
- 76 prosent av dei er alt i alt nøgde med NAV.
- 81 prosent opplever at NAV møter dei med respekt.
- 92 prosent synest rettleiaren møter dei på ein hyggeleg måte.
– For oss er det svært nyttig å få fersk kunnskap direkte frå brukarane. Når vi veit kva som fungerer godt og mindre godt, kan vi setje inn målretta forbetringstiltak, seier fungerande fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i NAV Vestland.
Eldre er mest positive
Kva teneste brukarene får, har mykje å seie for korleis dei opplever NAV.
Dei som mottek barnetrygd, kontantstøtte eller alderspensjon er meir nøgde enn dei som er i kontakt med NAV om barnebidrag eller uføretrygd.
Eldre brukarar gir meir positive tilbakemeldingar enn dei yngre.
Vanskeleg å få tak i
– Tilgjengelegheit er eit punkt vi må sjå nærare på. Berre 55 prosent av dei som har svart, synest det er lett å kome i kontakt med oss.
– Dette kan ha ulike forklaringar, men vi kan ikkje seie oss tilfredse. Vi jobbar med å forbetre tilgjengelegheita i alle delar av tenestene våre, seier Hysing-Olsen.
Nøgde med videomøte
Stadig fleire brukarar er nøgde med å snakke med rettleiaren sin på telefon eller video i staden for andre møteformer.
Nesten ni av ti synest den tekniske løysinga for videomøte fungerer godt.
Over halvparten av brukarane er stort sett nøgde med livssituasjonen sin.
Samstundes svarer halvparten at det er stressande å vere i kontakt med NAV. På dei fleste områda ligg NAV Vestland på same nivå som landet totalt sett.
Undersøkinga blei gjennomført for NAV av eit eksternt byrå våren 2022 og tek for seg brukarane sine erfaringar med tenester, service og informasjon. Den omfattar berre personar som får statlege ytingar, ikkje kommunale ytingar som til dømes sosialhjelp.