Travel vår for Os Roklubb
Rosjef Eirik Vevatne fortel om ein god ro-vår, med mange gode resultat.
Då Os Roklubb deltok på den tradisjonsrike Stokkavannsregattaen i slutten av mai var fasiten 3 gull, 5 sølv, 16 bronse og 2 A-finalar.
No er vårsesongen avslutta, og Eirik Vevatne i Os Roklubb har sammanfatta det som må seiast å ha vore ein travel vår for dei lokale roararne
Hortensregattaen
Helga 8. og 9. juni deltok Lars Eirik Vevatne og Erik Vaktskjold på Hortensregattaen, og laurdagen blei ein god dag for dei to utøvarane;
Det blei 2. plass til Lars Eirik i Singelsculler HJB og 1. plass i firer kombinasjonsbåt HJB med Bergens Roklubb
Erik kom til A-finalen i singelsculler, han rodde òg ein kraftsenterbåt kor dei kom på 1. plass i firer HJA.
Søndag rodde begge utøvarane våre uttaksløp til Nordisk mesterskap. Kraftsenterbåten som Erik rodde i kom på 2. plass og ble kvalifisert inn i Norges Roforbund sin 8`eren som skal ro i Nordisk meisterskap på Tunevannet i Sarpsborg helgen 29 og 30 juni.
Kraftsenterbåten som Lars Eirik rodde i har slit med sykdom og ble ikke tatt ut denne gangen.
Det vil bli spanande å følgja desse to roarane framover.
Bergenssprinten
Søndag 16. juni var Os Roklubb i Bergens Roklubb og konkurrerte i løp over 500m. Klubben stilte med en stor tropp med unge, og nokre ikkje så unge utøvarar.
I den yngste klassen stilte Linn Kristin Vevatne og Lars Emil Bjørndalen Moberg. Begge gjorde ein god jobb og fikk sine velfortente medaljer.
I nybegynnarklassen stilte Jonas Mardal Verkeland for Os Roklubb. Han rodde bra, og kom på god 2. plass.
I klassen JC stilte klubben med fire gutar og to jenter. Matilde Ottesen Hustad og Lovise Milde vant DJC dobbeltsculler etter superbra roing.
I HJC dobbeltsculler stilte Os med to dobbeltscullere som kom på 2. og 3. plass. I singelsculler kom Os-roarane på 3.plass (Eivind Vevatne), 4. plass (Marius Ottesen Hustad) og 5. plass (Emil Heidal Haugland)
I Mix JC klassen rodde Eivind, Matilde, Emil og Marius inn til ein suveren 1. plass
I klassen DJB rodde Linea Rådmansøy Lunde og Andrea Bastiansen Kvittingen. Begge jentene rodde singelsculler og kom på 2. og 3. plass. I dobbeltsculler kom Os jentene på en super 2. plass.
Andrea rodde også dobbeltfirer i lag med Bergens roklubb her kom ho på 1. plass
I H JB klassen stilte Lars Eirik Vevatne i Singelsculler, og firer -. I singel kom han på 2. plass og i 4- (kombinasjonsbåt med Bergens) kom han på 1. plass.
Lars Eirik rodde òg dobbeltsculler i JA i lag med Erik Vaktskjold, her kom dei på 1. plass.
Erik rodde i tillegg til dobbel singelsculler i HS og i HJA Det ble 2. plass i HS og 1. Plass i HJA. I kombinasjon med Bergens rodde han inn til 1. plass i 2-.
Os Roklubb har mange aktive roere i mesterklassen. På denne regattaen stilte Os med åtte masters-roarar.
I klassen HM singelsculler kom Eirik Vevatne på 1. plass, i Mix Mastere klassen dobbeltsculler kom Eirik og Lisbeth Vevatne på 1. plass.
I klassen Mix Master dobbeltfirer stilte Os Roklubb med to båtar. Os Roklubb er ein liten roklubb, og har ein dobbeltfirer sjølv, så i dette løpet måtte klubben låna ein dobbeltfirer fra Bergens.
Dobbeltfireren med Eirik Vevatne, Trude Vevatne, Lisbeth Vevatne og Astrid Rogne vant dette løpet mens båten med Rolf Hustad, Ann-Sissel Ottesen Hustad , Hildegunn Heidal Haugland og Sissel Lothe Høvik kom på en super andreplass.
Som nemnt tidlegare er Erik Vaktskjold teken ut til Nordisk mesterskap i roing førstkomande helg.
Os Roklubb ved leiar Rolf Hustad og rosjef Eirik Vevatne ønskjer han lukke til med meisterskapen.
Eirik Vevatne, Os Roklubb